top of page

Vaage gard

Garden ligg svært sentralt - om ein målar i gammal tid. Den var nemleg knutepunkt mellom aust/vest over Hylsskardet med sjøen i vest, over til Telemark og Setesdalen i aust. Rester etter busetningar finn ein tilbake til jernalderen, og grunneigarane er sirleg opplista sida 1600talet. På 1800talet hadde garden løyve for overnatting og servering av reisande. Slik kan ein forstå at det er knytt monge historiar og segner til staden.

 

Midt i dette driv me - Helene og Lars med sauer og bier. Saudrifta er tradisjonell med kvit spelsau som me let gå i høgheia om sumaren, og så får dei var i romslige gardar innomhus om vinteren.

Biene våre har me spredt ut i heile kommunen. Dette er ein del av vår eigen læring. Me ynskjer å sjå korleis klimaet i store Suldal kommune varierar. Fasinerande!

​

Om de ynskjer å komme på besøk, set me opp eit program på til dømes 1,5 time der de får ei innføring i vår birøkt og produksjonen av Suldalshonning. 

Dette programmet er like godt eigna for ungar som vaksne og tek dykk med på ei magisk reise i biene sin verden!

​

Helene og Lars.jpg
Bier 2.jpg
tappemaskin_edited.jpg
Etikettpåsetter.jpg
bottom of page